Barnelitterære ryggmargsrefleksar. Innspel til forskingshistorie - perspektiv på forsking og kritikk

Ingeborg Mjør
Barnelitterære ryggmargsrefleksar. Innspel til forskingshistorie - perspektiv på forsking og kritikk

Barnelitterære ryggmargsrefleksar.
Innspel til forskingshistorie - perspektiv på forsking og kritikk

Ingeborg Mjør

Høgskolen i Bergen/Bergen University College, Noreg/Norway

Abstract

Artikkelen dokumenterer den barnelitterære forskingshistoria i Noreg, og korleis denne har utvikla seg i samspel med andre delar av det barnelitterære feltet, særleg kritikken. Først på 1990-talet kan ein sjå vesentlege forskingsresultat. 1990-talet representerte også ei litterær vending innanfor det barnelitterære feltet, på grunn av ein ny barnelitteratur, ny teori og nye forskingsperspektiv. Forskarane ville primært vere litteraturforskarar. Etter 2000 har feltet blitt supplert med nye perspektiv på tekst og lesar, og ei einsidig tekstorientering har blitt kritisert. Artikkelen analyserer og avdramatiserer spenningane mellom barnelitterære hovudposisjonar som også er internasjonalt forankra og gjerne referert til som the didactic-literary split. Artikkelen argumenterer også for å utvide forskingsperspektiva til i større grad å inkludere det Boel Westin har kalla barnelitteraturens emosjonelle slagside, fordi denne synest vere ei så viktig side ved barnelitteraturen, som med jamne mellomrom aktualiserer kontroversielle oppsedingsspørsmål, moral eller politikk.

This article shows the development of children's literature research in Norway and how this development is closely connected to the extended field of children's literature, especially literary criticism in newspapers and journals. Children's literature research was not fully established in Norway until the 1990s, which is later than in the other Scandinavian countries. The 1990s represented a literary turn, connected to a new children's literature, new literary criticism and new research perspectives. Researchers now defined their work and research interests explicitly as literary, not as concerned with children or didactics. After 2000, this research has been supported by new perspectives on texts and on children as readers and the earlier focus on textual orientation has been criticized. The article analyses the tensions between different research positions, internationally often referred to as the didactic-literary split. Finally the article proposes a further extension of research perspectives; to include what has been seen as an emotional problem connected to children's literature. Children's literature often seems to activate emotional responses, whether politically, morally or related to sensitive issues of socialization. This article argues that these responses also should be of interest for children's literature researchers.

Published: 19 December 2012

©2012 Ingeborg Mjør. This is an Open Access article distributed under the terms of the Creative Commons Attribution-Noncommercial 3.0 Unported License (http://creativecommons.org/licenses/by-nc/3.0/), permitting all non-commercial use, distribution, and reproduction in any medium, provided the original work is properly cited.

Citation: Nordic Journal of ChildLit Aesthetics, Vol. 3, 2012 http://dx.doi.org/10.3402/blft.v3i0.20084

 

I 1964 disputerer svenske Göte Klingberg på den første barnelitterære doktoravhandlinga i Skandinavia, den norske litteraturhistorikaren Sonja Hagemann (1898–1983) er opponent. I 1972 skriv Hagemann ein kronikk om Klingbergs arbeid og ho hjartesukkar over kor langt Noreg stadig ligg etter, vi kan kanskje håpe at vi no står ”på terskelen til barnelitteraturforsking hos oss” (Hagemann 1972). Hagemann gjer eit poeng av at Klingberg er pedagog og avhandlinga ”pedagogikkhistorisk”, men at ho sjølv er litteraturhistorikar. Og ho meiner at noko av det ein må ta stilling til, når barnelitteraturen skal etablerast som akademisk felt, er om ein skal ”anlegge en pedagogikkhistorisk synsvinkel eller en litterær”. Ein slik diskusjon er gjenkjenneleg også for barnelitteraturforskarar på 2000-talet.

Sirka 20 år etter Hagemanns kronikk åtvarar to svenske litteraturvitarar mot barnelitterær forskingsisolasjon. Boel Westin skisserer «en olycklig forskningsisolering», dersom forskarane blir for opptekne med barnelitteraturens eigenart og spesifikt barnelitterære forskingsperspektiv (Westin 1993, 257). Maria Nikolajeva fremjar eit liknande syn, risikoen finst for ein “self-imposed isolation of childrens's literature researchers” (Nikolajeva 1996, 4).

I 2012, sirka 20 år etter dette igjen, er det ikkje mange som klagar over isolasjon. Barnelitteraturforskinga framstår som konsolidert og som etter måten komfortabel med å vere nettopp eit forskingsfelt i sin eigen rett, med eigne aktørar, aktivitetar, institusjonar og mangfald. Det blir sjeldnare enn før klaga over ein underdogposisjon i forhold til den ”vaksne” litteraturvitskapen. I Noreg etablerte denne seg i løpet av 1800-talet og gjennomgjekk ei viktig modernisering rundt 1930.1 Starten på norsk barnelitteratur blir gjerne datert til 1798 og Lommebog for børn av Willum Stephanson, som blir rekna som den første originale, norske barneboka.2 Norsk barnelitteraturforsking er såleis påfallande ung, både i forhold til litteraturvitskap og barnelitteraturen sjølv. Denne artikkelen dokumenterer forskingas utvikling og analyserer dei faglege hovudposisjonane. Diskusjonen munnar ut i ein kritikk og ei utfordring: Er tida inne for å utvide forskingsperspektiva?

EI BARNELITTERATURFORSKING ETABLERER SEG

I eit lite land som Noreg vil barnelitterær forsking, kritikk og juryering vere tett forankra i kvarandre. Ein aktør kan vere både forskar og kritikar, eller forskar og jurymedlem for ein litteraturpris. Aktørar på ulike arenaer er i stor grad rekrutterte frå same universitetsmiljø, noko som kan bety at ein har noko felles når det gjeld tekst- og kvalitetssyn. Ein deltek på same seminar, sit saman i redaksjonar og utval. Nærleiken er dessutan, for mange, tett til ein institusjon som Norsk barnebokinstitutt, som sidan 1979 har vore ein hovudaktivist for kvalitet innanfor kritikk og forsking (Vold 2011). Også delar av det litterære produksjonsleddet av forfattarar, illustratørar og forlag, har felles interesser med forsking og kritikk, og det same vil ofte gjelde norsk litteraturpolitikk, med sine kvalitetsfremjande støtteordningar forvalta av Norsk kulturråd. Denne integrasjonen er bakgrunnen for at artikkelen skiftar mellom å referere spesifikt til forsking eller kritikk, og til eit utvida barnelitterært felt. Beslekta posisjonar og spenningar kan identifiserast både i kritikk, juryering og forsking. Kritikk og juryering har ein dagsaktuell karakter. Konfliktar blir raskt fanga opp av media som favoriserer konfrontasjon og spissformuleringar. Forskinga arbeider langsiktig og meir distansert med dei same spenningane, analyse erstattar standpunkt.

Norsk barnelitteraturforsking har utvikla seg i samspel særleg med nordiske fagmiljø, noko som ikkje minst blir spegla i samansettinga av komiteane som vurderer ph.d.-avhandlingar. I eit perspektiv som likevel utgår frå Noreg 2012, vil eg framheve følgjande forskingsresultat og forskingsfremjande strukturar som særleg viktige dei siste tjue åra:

  • Teoriimpulsar frå antologiar som Modern litteraturteori och metod i barnlitteraturforskningen (1992, redigert av Maria Nikolajeva), Lyst og lærdom (1996, redigert av Torben Weinreich) og Nye veier til barneboka (1997, redigert av Harald Bache-Wiig). Bøkene er alle inspirerte av europeisk og amerikansk forsking.
  • Viktige norske forskingsresultat blir ferdigstilte og publiserte, særleg Den norske biletboka (1993) av Tone Birkeland og Frøydis Storaas, og Norsk barnelitteraturhistorie (1997, 2005) av Tone Birkeland, Gunvor Risa og Karin-Beate Vold. Harald Bache-Wiig gir ut artikkelsamlinga Norsk barnelitteratur – lek på alvor (1996), med analysar av sentrale verk i norsk barnelitteraturhistorie. Åsfrid Svensens langvarige forskingsinnsats blir i 2001 samla i antologien Å bygge en verden i ord.
  • Norsk barnebokinstitutt og Det norske Samlaget etablerte publiseringsarenaen Årboka litteratur for barn og unge (1998–2010). Artiklane her var ikkje fagfellevurderte og Årboka blei lagt ned i 2010 samtidig med etableringa av Barnelitterært Forskningstidsskrift (BLFT). BLFT er finansiert og administrert av Norsk barnebokinstitutt og har ein nordisk samansett redaksjon.
  • I 2003 blir barnebokritikk.no etablert, eit spesialorgan «for seriøs og kvalifisert barnebokkritikk [som] publiserer kritikker av skjønn- og faglitteratur for barn og unge som utgis av norske forlag» (frå nettsida).
  • I juni 2008 kom dei to første norske doktoravhandlingane som arbeidde med barnelitterære tekstar: Nina Gogas Kunnskap og kuriosa og Astri Ramsfjells ”Kjære Gud jeg har det godt”. Leserrolle og barndomskonstruksjon i religiøs didaktisk litteratur. I løpet av fire år kom det fire til: Svein Slettans Maskuline mønster (2009), Ingeborg Mjørs Høgtlesar, barn, bildebok (2009), Åse Marie Ommundsens Litterære grenseoverskridelser (2010) og Anne Skarets Litterære kulturmøter (2012).
  • Norske forskarar har lenge delteke på internasjonale konferansar og frå 2010 er også ein eigen nordisk forskarkonferanse etablert (Stockholm 2010, Oslo 2012)
  • I 2011 etablerer Høgskolen i Bergen det første norske masterstudiet i barne- og ungdomslitteratur.

1990-talet framstår som eit produktivt tiår. Det betyr at det har vore arbeidd mykje på 1980-talet og at det no gir resultat i form av publikasjonar. 00-talet medfører konsolidering og vidareutvikling, doktorgradane er viktige. At dei kjem såpass seint, i forhold til Sverige, Danmark og norsk allmenn og nordisk litteraturvitskap, synleggjer framfor alt kor ung norsk barnelitteraturforsking er.

1990-TALET: EI LITTERÆR VENDING

På 1970-talet blei barnebokfeltets skilje mellom «book people» og «child people» introdusert av forfattaren John Rowe Townsend (Townsend 1990, 62). Posisjonane reflekterer ulike faglege interesser og sjølvbilde som også i dag blir haldne vedlike, for eksempel på internasjonale forskingskonferansar, også referert til som the didactic-literary split. Svært mange publikasjonar om barnelitteratur tematiserer eller problematiserer spørsmål om barnelitteraturen si tilknyting til sosialisering, didaktikk og barns lesing, og utfordringar ein støyter på når ein ønskjer å reindyrke estetiske eller litteraturvitskapelege perspektiv. Sonja Hagemanns kronikk må også lesast inn i ein slik kontekst (jf s 1). Dynamikken, til dels spenninga, mellom desse posisjonane utgjer ein struktur som har vore konstituerande for det barnelitterære feltet så lenge ein har kunna identifisere eit slikt felt. Dei fleste aktørar forheld seg til denne dynamikken, sjølv om dei færraste vil innta kategoriske posisjonar. Det vil variere i kva grad strukturen blir opplevd som eit dilemma, ein hemsko eller eit potensiale. 1990-talet representerer likevel ei tydeleg litterær vending, nye teoretiske perspektiv blir opplevde som frigjerande og i favør av ei tekstorientert interesse for barnelitteratur.

Boel Westin og Maria Nikolajeva var sentrale premissleverandørar for denne vendinga innan norsk og nordisk barnelitteraturforsking frå 1990-talet av. Med etter måten ulike forskingsprofilar posisjonerer dei seg tydeleg, Westin særleg i artikkelen «Mission impossible–barnlitteraturforskningens dilemma» (1993, 1997), Nikolajeva både som redaktør for antologien Modern litteraturteori och metod i barnlitteraturforskningen (1992) og med monografien Children's Literature Comes of Age (1996).

Westin og Nikolajeva opponerer mot ein pedagogisk dominans, men når dei viser til og kritiserer den pedagogiske forskinga er det i liten grad via konkrete referansar eller polemikk mot einskildforskarar. Nikolajeva viser til Sovjetunionens lister over anbefalt, på ideologisk grunnlag, litteratur for barn. Ho viser også, generelt, til studiar av korleis barnebøker speglar samfunnsforhold, i motivstudiar av «familie», «kjønn», «død», m.m (Nikolajeva 1996, 1). ”Pedagogikken” er kan hende viktigast som diskursar som dominerer barnelitteraturfeltet i ålmenta og som har skygga for andre perspektiv på barnelitteratur. Ikkje minst har jo litteraturen sjølv vore prega av kombinasjonen konvensjonelt sosialiserande innhald og ei forutsigbar form. For nye forskingsperspektiv var ikkje minst ein konsekvens av ein ny barnelitteratur, både i form og innhald. Frå 1970-talet auka det på, på sida av det litterære hovudfeltet, med bøker som utfordra konsensus både når det gjeld kva ein kan skrive om i barnebøker, og korleis ein kan skrive (og illustrere). Nye forskingsperspektiv er også knytt til teoriutvikling. 1990-talet medførte ei merkbar teoretisk interesse for intertekstualitet og metafiksjon, ei interesse som hadde ein klar litterær parallell, for eksempel i Ragnar Hovlands nittitalsbøker. Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlèt pappkartongen (1993) er kanskje den som tydelegast konsentrerer eit intertekstuelt prinsipp.3 Hovland demonstrerer her utilslørt gjenbruk av Samuel Beckett, A. A. Milne, Lewis Carroll og Janosch (Mjør 1997). Eit år tidlegare hadde Nikolajeva publisert artikkelen «Härmande eller dialog? Den intertextuella analysen». Samanfallet er verken tilfeldig eller kalkulert, men eksemplifiserer tilpassingsdynamikkar mellom kulturell teori og praksis.

Artikkelen om intertekstuell analyse er trykt i Modern litteraturteori och metod i barnlitteraturforskningen. I føreordet postulerer Nikolajeva at ho vil vise at ein kan ”studera barnböcker med samma instrument som vuxenböcker” (Nikolajeva 1992, 8). Ho håpar boka kan vere relevant på kurs innanfor allmenn litteraturvitenskap, ikkje berre på spesifikke barnelitterære kurs. I antologien prøver forskarar ut teoretiske perspektiv frå allmenn litteraturvitskap på barnebøker; intertekstuell analyse, arketypeteori, feministisk analyse, resepsjonsteori og strukturalisme. Nikolajeva repeterer sin vitskaplege agenda i føreordet til Children's Literature Comes of Age (1996). Fagfeltet blir kritisert for i for stor grad å ignorere litterære aspekt, rett nok ser ho tendensar til ei betring. Nikolajeva har tatt konsekvensen av forskingsposisjonen sin med ei rekke utgivingar om barnelitterær form og estetikk, i strukturalistisk/narratologisk perspektiv, for eksempel i Barnbokens byggklossar (1998) og How Picturebooks Work (2001).

I «Mission impossible» (1993, 1997) sirklar Boel Westin rundt liknande problem. Når barneboka blir sett på som eit oppsedingsmiddel og ein spegel for samtidas barnesyn, skaper det problem for barneboka som litteraturvitskapeleg forskingsobjekt. Omsorg for barnelesaren fører til at det heftar ei emosjonell slagside ved barnelitteraturen, denne ”blockerar öppenheten inför den kritiska och vetenskapliga analysen» (Westin 1997, 256).

Ei emosjonell slagside blir opplevd som eit trugsmål mot eit vitskapleg ideal, og mot eit sjølvbilde som litteraturforskar. Westin argumenterer heller for intertekstuelle studiar, analysar av «konstnärlighet» og barnebokas dialog med vaksenlitteraturen (Westin 1997, 262). Lesarorientering eller «fixering vid barnlesaren” er også problematisk reint vitskapleg: ”Det läsande barnets upplevelse av texten kan vi heller inte komma åt, hur vi än vrider och vänder oss» (op.cit). Dette er på den eine sida ein legitim posisjon i forhold til uvitskaplege og stereotype diskursar om barn og lesing. På den andre sida fortel det at litteraturvitskapen har vore isolert frå medieforskinga, der resepsjonsstudiar har vore utbreidde og ikkje hefta med validitetsproblem. Litteratur- og medievitskap har i stor grad hatt ulike perspektiv på tekst, og i stor grad ulike forskingsinteresser. Westin inntar ein ytterposisjon og definerer barnelitteraturforsking etter måten smalt.

Det er grunn til å understreke at det ikkje er snakk om ei enkel lineær utvikling frå ei pedagogisk til ei litteraturvitskapleg barnelitteraturforsking. I første rekkje har det mangla forsking, dessutan kan interesse for barnebøkers litteraritet også identifiserast før 1990-talet. Harald Bache-Wiig hevdar at Sonja Hagemann først og fremst var opptatt av ”de kunstnerlige kvaliteter” (Bache-Wiig 1997, 5). Og både Bache-Wiig sjølv og Åsfrid Svensen arbeider med barnelitteratur i første rekkje ut frå ei litteraturvitskapleg interesse. Den norske biletboka (1993) og Norsk barnelitteraturhistorie (1997, 2005) er også resultat av ei interesse for estetikk og formspørsmål. Sjølv om barnelitteraturforsking til ein viss grad har hatt ein base i dei pedagogiske høgskolane, så er det vanskeleg i norsk samanheng, å hevde at universitet- eller høgskoletilknyting har produsert ulike forskingsinteresser.

Westin skriv at vi «måste undersöka hur barnböcker fungerar och er uppbygda oavsett eller till och med i konflikt med deras avsiktlighet och läsare» (Westin 1997:262). Dette er ukontroversielt, tekstanalysen står sterkt. Nina Christensen har vist at det også er slik i dansk barnelitteraturforsking, inspirasjonen frå nykritikken har sett varige spor (Christensen 2006). Den gode lesinga har stor legitimitet, i boka si om norsk litteraturvitskap knyter Erik Bjerck-Hagen nærlesing til ein yrkesetisk standard for litteraturvitarar (Bjerck-Hagen 2012). Utan interesse for barnelitteratur som litteratur er det vanskeleg å tenkje seg ei norsk barnelitteraturforsking. 1990-talet representerer likevel ei frigjerande vending. I innleiinga til underteikna si hovudoppgåve frå 1996 blir Bache-Wiig optimistisk sitert på at «det blåser en ny vind over barnelitteraturen» (Mjør 1996, Bache-Wiig 1994:52).

2000-TALET: BARNELITTERATUREN LAR SEG IKKJE REDUSERE TIL «BARE LITTERATUR»

Etter 2000 har ein annan dagsorden etablert seg, til forsvar for ulike former for lesar- og barneorientering, både i forsking og kritikk. Resepsjonsstudiar er ei side av dette, dei har rydda seg eit rom fordi dei leverer forskingsbasert kunnskap til litteraturformidling, litteraturdidaktikk og profesjonsutdanningsfelt. I dette feltet har det i same periode også blitt skrive artiklar og bøker om litteraturdidaktikk med tydeleg undervisningsfokus, av forfattarar med litteraturfagleg bakgrunn (Aase 2005, Solstad 2008, Hennig 2010 og 2012). 00-talet er jo også tiåret for dei store PISA-undersøkingane og dei utdanningspolitiske utfordringane desse har avslørt når det gjeld barn og unges lesekompetanse. Nina Christensen (2006) ser klare faglege gevinstar av ei litterært orientert forsking, men peikar også på ein risiko for at barnelitteraturforskinga isolerer seg frå viktige grupper med samfunnsansvar for barn og lesing. Morsmålslærarar og litteraturformidlarar har andre og legitime interesser i barnelitteraturen enn den nærlesande forskaren. Ein må akseptere at barnelitteraturen inngår i ein kontekst med svært ulike interesser, perspektiv og behov.4 Resepsjonsforskinga reduserer truleg den risikoen Christensen antydar om ein litteraturvitskap som gjer seg for lite interessant for delar av profesjonsutdannings-eller formidlarfeltet. Det er heller ikkje rett å sjå resepsjonsforskinga som eit brot med 1990-talet. Dei teoretiske perspektiva, for eksempel på implisitt lesar, dobbel adressering og kva det inneber at lesaren spelar ei aktiv meiningsskapande rolle under lesing – alt dette blei introdusert som teori på 90-talet. Ein las lesarorientert teori av Wolfgang Iser, Umberto Eco, Roland Barthes og Zohar Shavit, i første rekkje for å forstå tekstars strukturelle dimensjonar. Seinare blei teorien operasjonalisert i kvalitative, informantbaserte studiar.

EIN EKSPLISITT OPPOSISJON

Om det er vanskeleg å sjå resepsjonsforskinga som ein opposisjon til ei tekstorientert forsking, så blir likevel ein opposisjon eksplisitt ut over 2000-talet, særleg i kritikken, når barnebøker skaper debatt. I Noreg (som i Danmark) blir det ført ein aktiv diskusjon mot ein (allalder)litteratur og mot kritikk, premiering og forsking som distanserer seg frå eller ignorerer eit spekter av barneperspektiv, særleg kommunikative (kan barn lese dette?), men også tematiske og estetiske (er dette eit relevant tema for barn, og er forma eigna?). For Westin var det sjølvsagt å interessere seg for tekstar som eventuelt ikkje kommuniserer med barn, dersom dei har estetiske kvalitetar. No blir slike verk problematiserte, og også avviste som barnelitteratur. På avhandlingsfronten fekk vi Åse-Marie Ommundsens arbeid frå 2010, ei problematisering av «flommen av allalderlitteratur» og forholdet mellom modernitet, litteratursyn og barnesyn (Ommundsen 2010, 185). Avhandlinga kan lesast som eit forsvar for den barnelitteraturen barn les/kan lese, den som ikkje ekskluderer barn på grunn av deira manglande kjennskap til kulturelle kodar.

Forskar og kritikar Inger Østenstad går alt i 2002 ut mot kombinasjonen autonomiestetikk og barnelitteratur, i polemikk mot forfattaren Jon Fosse som kategorisk avviser kombinasjonen lesaromsyn og «høgverdig» litteratur, også for barnelitteraturen sin del (Østenstad 2002, Fosse 1999). Østenstad analyserer, i Bourdieu-perspektiv, Fosses posisjon som elitistisk forsvar av den kunstinstitusjonen som tildeler forfattarskap som hans den høgaste prestisje, men som distanserer seg frå barns interesser. Østenstad vidarefører analysen i ein artikkel om norsk barnelitteraturkritikk, der ho identifiserer fire posisjonar (Østenstad 2003). Forfattar- eller kunstposisjonen kan også kallast Jon Fosse- eller eliteposisjonen, den favoriserer litterære og tekstautonome perspektiv. Marknadsposisjonen legg vekt på popularitet og lesartal, og ein føresett- eller oppdragarposisjon legg vekt på tematiske, etiske og verdimessige dimensjonar. Den siste posisjonen legg vekt på barn som lesarar. Artikkelen er i første rekkje eit forsvar for den siste posisjonen, basert på ein kritikk av kunstposisjonen, som vektlegg dimensjonar ved barnebøker som gir prestisje også i det vaksenlitterære feltet, for eksempel intertekstualitet. Østenstad konkluderer kompromisslaust med at ”[e]n barnelitteratur som ingen barn leser, er meningsløs” (Østenstad 2003). Ikkje alle vil vere einige i dette, men det estetisk-litterære paradigmet står altså ikkje like sterkt som det gjorde før 2000.

Kritikar Guri Fjeldberg brukar Bragepris-nominasjonane 2010 som eksempel på det ho meiner er barnelitteraturfeltets misforståtte litte-raturomgrep (Fjeldberg 2010a). Favoriseringa av bøker med sterk appell til vaksne blir for Fjeldberg ei stadfesting av manglande respekt for barn som lesarar. Ei av dei nominerte bildebøkene var Eg er ein frosk av Kurt Johannesen og Øyvind Torsæter, og Fjeldberg meiner det er eit paradoks at det er denne Torsæter-illustrerte boka som er nominert, og ikkje Gi gass, Ine (med tekst av Tore Renberg), som hausta strålande kritikkar for å vere nettopp ei genuin barnebok (jf s. 17). Fjeldberg har også i andre samanhengar antyda at det finst ei ukritisk begeistring for den smalaste allalderlitteraturen. Barn og barnbøker står stadig nederst på den kulturelle rangstigen, med god hjelp av eit elitistisk barnelitteraturfelt.

Barns faktiske responsar på barnebøker har nærmast vore eit fråverande topos, kanskje eit tabu, innanfor den seriøse, akademiske kritikken. Ein del kritikarar les nok saman med barn, men det er altså den vaksne lesinga og vurderinga som blir kommunisert. Det er gode grunnar til dette, vi har sett ein del useriøs kritikk der den vaksne skubbar eigne barn føre seg og opphøgar private og enkeltståande reaksjonar til litteraturkritikk. Eit eksempel er Torgrim Eggens 2007-slakt av nye bildebøker. Det som ikkje toåringen i fanget hans applauderte blei latterleggjort, særleg om det var verk med kunstnariske ambisjonar. «Knus de minste» var overskrifta i avisa Klassekampen (Eggen 2007).5 Ein slik kritikk er sjeldan i dag, men også referansar til barns positive litterære responsar har vore etter måten sjeldne. Det blir derfor lagt merke til når Fjeldberg ironiserer over Eg er ein frosk med utsegn som ”Hvorfor pokker klarer jeg (…) ikke å finne et eneste barns som liker den?” (Fjeldberg 2010b). Dette er utilslørt polemikk. Eg opplever det som vanskeleg å identifisere aktørarar som tilhøyrer ein slik posisjon som Fjeldberg her går til angrep på, som einsidig legg vekt på estetikk, litteraritet og vaksennivå. Men Fjeldberg peikar her på ein konkret jury og meiner at den representerer ein barnelitterær maktfaktor.

EIT STØRRE MANGFALD

Det er ein tendens til at det barnelitterære feltet i større grad identifiserer seg med det (vaksen)litterære feltet enn med andre delar av kunstfeltet for barn. For performative sjangrar som musikk og scenekunst gjeld eit anna paradigme, ein tendens til leggje positiv vekt på, og til og med overvurdere og idealisere, barns publikumsreaksjonar. Avgrensa kunsterfaring, manglande konsentrasjonevne og dårleg smak blir heller analysert som at barn er det mest kritiske og kresne publikum ein kan ha, ein kan ikkje bløffe seg fram med barn, dei er så ærlege og spontane i sine reaksjonar, osv. Ein slik retorikk er sjeldan i diskusjonar om barnelitteratur. Forfattarar og illustratørar møter i liten grad publikummet sitt direkte og treng ikkje forhalde seg til lesarar som ler, kjedar seg eller les boka fleire gonger. Litteraturen får i staden stadfesta sin verdi og legitimitet gjennom kritikk, juryering og offentlege støtteordningar som inneheld direkte og indirekte påstandar om at bøkene er gode, eller i alle fall gode nok.

Det kan likevel sjå ut som om ein i dag er på veg mot eit større mangfald innanfor barnelitteraturkritikken. Barnelesaren blir i større grad eit vurderingskriterium, særleg på grunn av kritikarar som står litt på sida av det akademiske barnelitteraturfeltet. Dagbladet-kritikar Cathrine Krøger er eit eksempel, eit anna er Anne Cathrine Straume frå NRK. Ho brukar barns leseglede eller høgtlesing med barn og vaksen som positive argument for ei bok, og refererer gjerne til barnet ”i fanget” og samtalar mellom barn og vaksen som les saman (Straume 2011a, 2012). I forhold til 2010-årgangen av norske ungdomsromanar problematiserer ho det ho kallar eit ”deprimerende svart” heilskapsbilde når det gjeld ungdomslitteraturen som inneheld eit stort spekter av sjukdoms- og sjølvmordshistorier (Straume 2011b). Straume stiller spørsmål ved kva eit slikt radikalt svartsyn kan bety for unge lesarar, men utan å avvise den mørke litteraturens legitimitet. Ho kombinerer litterære perspektiv med omsyn til lesargrupper og formidlingssituasjon, og synest lite oppteken av diskusjonen om kva kriterier som er mest gyldige. Både Krøger og Straume melder mest vaksenlitteratur. Det kan såleis sjå ut som om kritikarar som ikkje først og fremst definerer seg som barnelitteraturkritikarar forheld seg friare til barnelitteraturfeltets tradisjonelle spenningar.

Østenstad, Ommundsen, Fjeldberg, Krøger og Straume er eksempel på stemmer som slår kiler inn i det barnelitterære paradigmet som nittitalet etaberte. Posisjonen kan vere polemisk, men like gjerne uttrykk for sjølvstendige faglege interesser. Konsekvensen er ikkje eit pedagogisk backlash, men eit større mangfald i feltet.

KVA GJER BARNELITTERATURFORSKARANE, EIGENTLEG?

Debatt om kva kritikarar bør leggje vekt på og forskarar arbeide med, blir lett polarisert mellom estetiske (book people) eller mottakarorienterte (child people) perspektiv. Og begge kategoriane er grove og speglar i liten grad det arbeidet som faktisk føregår. Med eksempel frå norsk forsking dei siste 20 åra lanserer eg fire kategoriar, som eg meiner yter den faktiske forskinga ei rimeleg rettferd, med det atterhaldet at all kategorisering medfører ein risiko for forenkling.

For det første blir det arbeidd med samanhengane mellom litterære verk, tid og barndomsdiskursar, det vil seie korleis barnelitteratur speglar eller problematiserer ulike moderniseringstendensar. Eksempel på denne typen forsking er Rolf Romørens artikkel «Barnelitteratur, modernitet og modernisme» (1995), Harald Bache-Wiigs ”Fra Sveits til Glimmerdal” (2010) og Åse-Mari Ommundsens avhandling Litterære grenseoverskridelser (2011). I den andre kategorien plasserer eg nærlesingar av einskildverk. Sjølv om all barnelitteraturforsking nødvendigvis medfører ei eller anna form for tekstanalyse, så utgjer her lesinga, tematisk og estetisk, sjølve forskingsprosjektet. Maskulinitetsteori, og med det sosiologiske perspektiv, er gjennomgåande i Svein Slettans Maskuline mønster (2009), men avhandlinga er i første rekkje åtte nærlesingar av ungdomsromanar, film og popmusikk. Andre eksempel på nærlesingar er Agnes-Margrethe Bjorvands analyse av bildeboka Sinna mann (2003) av Gro Dahle og Svein Nyhus, og Åsfrid Svensens artikkel om Ragnar Hovlands ungdomsroman Fredlaus (2006) (Bjorvand 2010, Svensen 2011).

For det tredje undersøkjer forskarar ulike aspekt ved dynamikken mellom lesar og tekst, altså resepsjon. Slike undersøkingar kan vere teoretiske og prinsippielle, som i avhandlingane til Ommundsen og Astri Ramsfjell (jf. s 3), eller dei kan vere informantbaserte, kvalitative studiar, som Anne Skaret si avhandling (jf s 3). Skaret analyserer barns responsar på bildebøker som tematiserer migrasjonsbaserte kulturmøte. Fjerde og siste forskingskategori samlar opp studiar som kan seiast å omhandle ei vifte av perspektiv knytte til barnelitteraturens eigenart. Litteraturhistoriske perspektiv er ein del av dette, likeeins ei viss interesse for sjangrar som fantastisk litteratur og sakprosa. Ungdomslitteraturen er stadig dominert av prosa (romanar), men i skjønn- og faglitteratur for barn spelar det visuelle ei svært viktig rolle. Forskarar er såleis for eksempel opptekne av semiotikk, bildeboknarratologi og bildebokdesign. Bildeboka er også eit medium med sin eigen medie-estetikk, og medieestetikk er også forskingsobjekt når både romanar og bildebøker er grunnlag for animasjons- og spelefilm, digitale bildebøker og applikasjonar. Eit eksempel på eit slikt forskingsprosjekt er Tone Birkelands artikkel «Den lille historien om krigen. Min bestemor strøk kongens skjorter som bildebok og animasjonsfilm» (2011).

I norsk barnelitteraturforsking finst det knapt forfattarskaps- eller motivstudiar i monografiform, men det finst etterkvart ei rekkje antologiar med analysar av enkeltverk, for eksempel Barneboklesninger (2004) og Navigasjoner (2012). Forskinga har tilpassa seg barnebøkenes små format og sterke sjangertradisjonar, antologi- og artikkelformatet passar derfor godt.

Erik Bjerck-Hagen har levert eit liknande innspel til den «vaksne» litteraturvitskapens kritikk- og forskingshistorie (Bjerck-Hagen 2012). Han meiner at norske kritikarar og forskarar, uavhengig av ulike teoretiske retningar, arbeider med fem grunntema: «Sammenhengene mellom forfatternes liv, personlighet og verk - Sammenhengene mellom de litterære verk og deres samtid - Sammenhengene mellom leser og verk - Fortolkning av verk og forfatterskap - Vurdering av verk og forfatterskap [kritikk]” (Bjerck-Hagen 2012a, 12). Mangfaldet i barnelitteraturforskinga framstår som ikkje veldig ulik, og ikkje snever, om ein for eksempel skulle samanlikne med allmenn litteraturvitskap.

EI EMOSJONELL SLAGSIDE OG EIT HETERONOMT LITTERATURBEGREP – EIT POTENSIALE FOR BARNELITTERATURFORSKINGA?

Det er verken mogeleg eller ønskeleg at eit forskingsfelt skal vere friksjonsfritt, utvikling skjer gjennom diskusjon og helst det Pierre Bourdieu kallar ”kjetteri” (Bourdieu 1996, 120). Den ”vaksne” litteraturvitskapen har hatt sine tradisjonelle spenningar, ikkje minst mellom den historisk-biografiske og den estetisk-filosofiske skolen. På nytt er denne aktuell, på grunn av den sjølvbiografiske tendensen i litteraturen. Mot denne bakgrunnen argumenterer Erik Bjerck-Hagen, i boka Kampen om litteraturen (2012a), for ein historisk-pragmatisk litteraturfagleg posisjon. Pragmatisme definerer han i opposisjon til autonomiestetikken og verket som kviler suverent i sin eigen estetikk (Bjerck-Hagen 2012a, 13). Alternativet er det han kallar «et løst og inkluderende litteratursyn» og det heteronome verket (Bjerck-Hagen 2012b). Det er eit «verk der forfatterens person, leserens reaksjoner og alle tekstens sannhetspretensjoner og verdensreferanser er integrerte deler av verket, på linje med og blandet med tekstens tegn og betydninger» (Bjerck-Hagen 2012a, 14). Ein kan altså ikkje avgrense eller definere kva eit verk kan aktivere av lesemåtar – og kva det ikkje kan aktivere. Ein litterær tekst er i seg sjølv ein prosess ”med utallige og uoverskuelige forgreininger til det store livet og den levende kulturen utenfor teksten. Et slikt verk forandrer seg over tid etter hvert som det blir lest i stadig nye situasjoner og brukt til stadig nye formål” (op.cit). Dette er eit litteratursyn som står i gjeld til både klassisk hermeneutikk og resepsjonsestetikk, og til ein teoretikar som Roland Barthes. Hans skilje mellom verk og tekst medfører at mens verket kan avgrensast, så er teksten eit språkleg fenomen som kan erfarast i eit uendeleg spekter av kontekstar (Barthes 1991, 75).

Autonomiestetikken blir av fleire opplevd som utfordrande premiss for ein barnelitteratur som berører eit mangfald av kontekstar; estetiske, kulturelle, kognitive, pedagogiske, politiske eller moralske. Eit heteronomt litteraturbegrep representerer eit tilbod om eit mindre dogmatisk alternativ.

EKSEMPLET TJUVEN (2008)

Barnebøker får sjeldan merksemd fordi dei utmerkar seg med estetiske kvalitetar. Når ei barnebok skaper debatt er det fordi den risikerer noko og blir oppfatta som kontroversiell. Barneboka får respons fordi den på ulike måtar kjem i kontakt med aktive barndomsforståingar. Barneboka har ei potensiell emosjonell slagside, anten det er i moralsk, kulturelt eller politisk perspektiv. Og der Boel Westin framstår som negativ til denne slagsida (jf s. 5), der vil eg spele inn at den kan representere eit interessant forskingspotensiale, nettopp fordi den ser ut til å vere ei så vesentleg side ved barnelitteraturen. Kritikken er ein særleg vital arena for barnelitterær debatt, og eg vil bruke resepsjonen av prosaboka Tjuven (2008) av Rune Belsvik, som argument og eksempel.6

Tjuven skildrar, blant mykje anna, barns seksuelle utforsking i eit direkte språk, og det tabloide potensialet i saka var stort. Boka blei, av litteraturformidlaren Ine Marit Torsvik Bertelsen, kalla pornografi for barn (Thorkildsen 2008, Østenstad 2008). Dagbladet-kritikar Cathrine Krøger vil utstyre Tjuven med varselstrekant (Krøger 2008). Rune Belsvik bloggar at han er forvirra av reaksjonane, han har ikkje ønskt å provosere, han står på barnas, ikkje pedagogane si side (Belsvik 2008).

Tjuven aktiverte sanneleg barnelitteraturens emosjonelle slagside. Barnelitteraturmiljøet mobiliserte på kjende ryggmargsrefleksar og forsvarte Belsvik. Forfattar Endre Lund Eriksen er for det første oppteken av kvalitet, for det andre av behovet for litterære skildringar av barns seksualitet. Han les boka på ein heilt annan måte enn Krøger og Bertelsen: ”Jeg har aldri lest en tekst som så vart, varmt og lekent beskriver gryende seksualitet (…)» (Eriksen 2008). Eriksen har tillit til at barna vil finne fram til boka på eigen hand, om formidlarane prøver å gøyme den.

Belsviks blogg får følgje av eit rikt kommentarfelt, alle er støtteerklæringar. Forfattaren blir takka for at han skriv “sant”, “modig”, “viktige og vakre bøker”, “en litterært sett meget god bok”, “ei veldig god bok” og “de veldig sobre skildringene”. Kritikarane får passa sine påskrivne som “moraliserende voksne”, “oppskjørta”, “tullete og bakstreverske forsøk på sensur”, “en kaklende forarget voksen” og voksnes “fysjomreaksjoner”. Cathrine Krøger blir kalla ”Fru Krøger”, noko som også skaper ein kjønna diskurs. Det er oppskjørta kvinner som er problemet, ikkje forfattaren sine språklege val.

Kommentarfeltet fortel om ein forfattar med ein sterk posisjon. Nettverket forsvarar unisont kvalitet og åtvarar mot sensur og moralisme. Ingenting av dette er oppsiktsvekkande i 2008. Men det er også noko støttespelarane teier om. Ingen risikerer noko personleg, for eksempel i form av konkret støtte til Belsviks språklege val i Tjuven. Ei skriv at ho har hatt stor glede av å formidle “bøkene dine [tidlegare bøker] til barn og unge og jeg [som individuell vaksenlesar] ser fram til å lese boken din!”, men ingenting som forpliktar i forhold til formidling av Tjuven (artikkelforfattaren har ansvaret for parentesane). Desse unngåingsstrategiane er heller ikkje oppsiktsvekkande, dei reflekterer den allmenne sensitiviteten og risikoen som er knytt til barn og seksualitet.

Ein kommentar hevdar at det er ”fortvilande” at litteraturformidlarar har ”openberre vanskar med å skilje mellom omgrepa seksualitet og porno”. Det er i så fall ikkje første gong i litteraturhistoria, fordi det neppe finst eit enkelt skilje i verbale og visuelle representasjonar av seksualitet, anten dei rettar seg mot barn eller vaksne. Det skal lite til, eit ord eller to, ein valør i eit bilde, før grensene blir uklåre for nokre lesargrupper. Då blir det vanskeleg å redusere særleg barneboka til eit spørsmål om berre kvalitet. Ein kulturell sensitivitet i forhold til barn og seksualitet blir såleis ein uunngåeleg kontekst for ei bok som Tjuven. Ein del av ”sanninga” om Tjuven er at den vekte ubehag hos ein del (vaksne) lesarar, sjølv om ein del litteratar vurderer slike leseopplevingar som eit feilspor.

I kva grad er det så barnelitteraturmiljøet si oppgåve å forsvare den kontroversielle barneboka som litteratur, når andre vil diskutere den som innhald? Bloggen til Belsvik viser at det finst ein tendens til å reagere med avvising og moralisering i forhold til faktiske lesarreaksjonar. Men kvifor skal ei barnebok som eksplisitt tematiserer seksualitet ikkje føre til debatt om barn og seksualitet? Er det ønskeleg at den ikkje skal gjere det? For fagfolk og forsking bør det heller vere ei oppgåve å analysere, ikkje avvise, dei reaksjonane ei bok fører til. Kristin Ørjasæter, direktør ved Norsk barnebokinstitutt, åtvarar mot tendensen til å ”forveksle kunst med foreldre”, kunsten har andre funksjonar enn å skulle beskytte barn mot erfaringar som kan vere utfordrande og kanskje smertefulle.7 Men for det første er det problematisk å oppheve barnebøker generelt til ”kunst”, grensesprenging og tabuutforsking skaper dessutan ikkje i seg sjølv ”kunst”. For det andre kan Ørjasæter sin strategi vere ein utmeldingsstrategi, dersom ein ikkje vil gå inn i dei faktiske debattane. Dei som ønskjer å diskutere Tjuven i forhold til barns seksualitet eller barns lesing kan diskutere i veg, utan å sakne litteratens kunstperspektiv.

KULTUREN OG BARNEKROPPEN

Rune Belsvik inntar ein naiv posisjon i forhold til Tjuven-reaksjonane, men han har tross alt vore ute ein vinterdag før, særleg pubertetsskildringane i Ingen drittunge lenger (1979) vekte reaksjonar som kan minne om Tjuven-resepsjonen (Birkeland m. fl 2005). Den svenske bildebokkunstnaren Pija Lindenbaum er ikkje naiv i forhold til kor små marginane kan vere for skildringar av den nakne barnekroppen. I Else-Marie och småpapporna frå 1990 finst eit bilde som viser hovudpersonen Else-Marie og mora i badekaret saman dei mange miniatyrfedrane (ill. 1). Bildet måtte bort då boka skulle givast ut i USA, Lindenbaum seier det kosta henne lite å gjere det, og i dag ville ho ikkje sjølv ha laga eit bilde som dette i ei bildebok.8 Det kan bety at det som var nordisk, ukontroversielt og liberalt på 1990-talet har blitt meir sensitivt. Mediesamfunnet er ein del av konteksten, inkludert medias dekning av store overgrepssaker. Offentlegheita rundt barn, vaksne og nakenheit har endra seg, nakne barn er så og seie borte frå barnekulturen, fram til Stian Hole laga Garmanns hemmelighet (2010, ill. 2).

Fig 1

Illustrasjon 1:   Pija Lindenbaum: Else-Marie och småpapporna. Albert Bonniers Förlag, 1990

Fig 2

Illustrasjon 2:   Stian Hole: Garmanns hemmelighet. Cappelen Damm, 2010

Dette betyr ikkje at det ikkje ønskeleg eller mogeleg med barnelitteratur om barn som forelskar seg og utforskar kropp og seksualitet. Men det betyr at ein ikkje må vere naiv i forhold til kva kulturelt felt ein i så fall går inn i. Barnelitteraturen kan ikkje sikre seg mot kulturens reaksjonar, det kan heller ikkje andre delar av kunstfeltet. I Pictures of Innocence (1998) forskar den amerikanske kunsthistorikaren Anne Higonett på barnefotografiets utfordringar i lys av ulike barndomsparadigme. Det romantiske paradigmet står sterkt, men det uskuldige barnet er ei utfordring, både for seriøse kunstnarar og populær- og mediekultur. Higonnet analyserer krysspresset mellom ein seksualisert barne- og ungdomskultur, amerikansk puritanisme, medias dekning av overgrepssaker og barnepornografi. Ho diskuterer utfordringane det medfører å gi barn vern gjennom gjennom eit lovverk som også skal balanserast mot ytringsfridommen. Higonett viser korleis amerikansk samtidsfotografi manøvrerer i dette farvatnet.

Å gå meir aktivt inn i dei problemstillingane som kritikk og debatt aktualiserer ser eg som eit potensiale for barnelitteraturforskinga i tilfelle som Tjuven. For barnebøker skaper med jamne mellomrom debatt. Hans Sandes pro-palestinske Pappa er ein sjørøvar (2010) vekte også reaksjonar blant kritikarar og politikarar, og igjen var det stemmer som ønskte å ufarleggjere poltikken i boka i favør av dens litterære kvalitetar. Men også debatt om politikk og politikkformidling til barn kan vere interessant for barnelitteraturforskarar.

Ei barnelitteraturforsking som berre vil diskutere estetiske kvalitetar går i verste fall glipp av nokre sjansar til å bli viktig. Det risikerer også Boel Westin når ho beklagar at barnebøker blir studerte som «en spegel för sin tids barnsyn» (Westin 1997, 255–256). Barnelitteraturfeltet bør tolerere, analysere og diskutere dei lesemåtane ei bok aktiverer, også når dei fører til problematisering av ein kunstnarleg vellukka eller tematisk nyorienterande bok.

KONKLUSJON

Det barnelitterære feltets forhandlingar omkring forskings- og kritikkobjektet dreier seg om fagleg og vitskapleg legitimitet, både for den estetisk interessante teksten i seg sjølv, og barneboka i forhold til eit spekter av barneperspektiv. Litteratur vs. barn-strukturen utpeikar seg som det aktørane i feltet primært har hatt å posisjonere seg i forhold til. Strukturen har på somme vis vore produktiv når det gjeld refleksjon over forskingsobjektet, på den andre sida har den skygga for forskingsmangfaldet, og for eksempel for litterære danningsperspektiv. Barnelitteraturen kan vere ”bare” litteratur, og den kan vere ein del av eit større barndomsfelt. Som deltakar på feltet sidan midt på 90-talet meiner eg å ha opplevd at feltet då var prega av ein frustrasjon over barnelitteraturens kopling til ”pedagogikken” og barnelesaren. 1990-talet representerte ei utviding, med sine nye tekstteoretiske og estetiske perspektiv. 00-talet opna vidare opp for resepsjonsstudiar og forsking på barnelitteratur i forhold til ulike modernitetsperspektiv på barndom. Med bakgrunn i eit heteronomt tekstomgrep har eg i denne artikkelen prøvd å foreslå at også barnelitteraturens ”emosjonelle slagside” i større grad blir sett som eit forskingspotensiale. Når emosjonelle og moralske reaksjonar er ein dimensjon ved barnelitteraturen, då er slike reaksjonar eit legitimt forskingsobjekt – for ei litteraturvitskapleg, humanistisk kulturforsking.

EPILOG: TO STORESØSTRE OG EIT EINEBARN I BARNELITTERATUREN

Til slutt vil eg kople det eg har sagt om det barnelitterære feltet på 1990- og 00-talet til den barnelitteraturen som har blitt skriven og lagt merke til i dei ulike tiåra. Det finst ein dynamikk. I så fall må ein kunne forvente å finne nokre korrespondansar mellom synet på kva ein barnelitterær tekst er eller bør vere – og den litteraturen som faktisk blir gitt ut og som kritikarane rosar og juryane premierer. To prisbelønte barnelitterære storesøstre og eitt einebarn skal få representere kvar sine tiår. Søstrene er representative for ulike paradigme, einebarnet forsonar motsetningane.

Søster (2000) av Jon Fosse fekk Kulturdepartementet sin barnebokpris i 2000. Juryen legg vekt på estetikk, Søster er original og velkomponert, poetisk og medrivande. Boka tek opp eksistensielle spørsmål.9 Inger Østenstad har seinare polemisert mot tildelinga, ho meiner at boka blir premiert fordi den svarar til det dominerande kunstsynet hos eliten, ikkje fordi den er ei god barnebok. Østenstad ironiserer over «(…) en sober liten sak som ser ut til å virkeliggjøre [Jon Fosses] teori” om høgverdig litteratur (Østenstad 2002: 42–43).

Det er ikkje overraskande at Søster blir premiert i 2000, dersom det er rett at 1990-talet var eit tiår med estetisk nyorientering og nedtoning av kommunikative aspekt. På listene over departementets barne- og bildebokvinnarar i tiåret finst det likevel berre nokre få titlar som kan plasserast i same segment som Søster, bøker som Kattens skrekk (1992) av Fam Ekman og Tiden bor ingen steder (1993) av Gerhard Stolz. Det er vanskeleg å sjå nokon sterk tendens til at Kulturdepartementet favoriserte den smalaste barnelitteraturen på 1990-talet.

Det er noko lettare å sjå ein tendens på 00-talet. Mangfaldet er stort og inkluderer smalare utgivingar, men pristildelingane har ikkje vore omstridde. Sinna mann (2003) av Gro Dahle og Svein Nyhus vekte ein viss debatt, fordi den går tett på vald i nære relasjonar, men boka var ukontroversiell som prisvinnar. Det som er verd å merke seg er at 00-lista innheld fleire titlar som verkeleg har blitt lagd merke til, dei er blitt populære. Dette gjeld Bjørn F. Rørvik og Per Dybvigs serie om reven og grisungen (2001–2010), Stian Holes Garmanns sommer (2006), Bjørn F. Rørvik og Gry Moursunds Bukkene Bruse på Badeland (2009) og Gi gass, Ine av Tore Renberg og Øyvind Torsæter (2010).10

Gi gass, Ine fekk altså pris av departementet ti år etter Fosses Søster. Ine er søster nummer to og tener her som representant for 00-talet. Kritikaren Østenstad har stor sans for henne. Det finst no ikkje berre god ”litteratur”, det finst ”god barnelitteratur”. Østenstad innfører ein ny ryggmargsrefleks og skriv at ”[e]t øyeblikk av lindgrensk innsikt fikk oss til å gjenkjenne den gode barneboka da vi så den” (Østenstad 2010). Dette er ei ”fabelaktig barnebok”, den er i ”særklasse”, og den viser at kunstnarisk investering i barnebokfeltet skaper gode barnebøker, ikkje berre karikaturen «høgverdig» litteratur (op. cit). Østenstad skriv om gyldne høgtlesingsstunder.

Det kan vere ein samanheng mellom tendensen i 00- utgivingane og det at det har pågått ein diskusjon om barneboka i eit tiår som også har hatt stort fokus på barns lesing og lesestimulering. Det kan hende at dette har bidratt til ein barnelitteratur i større harmoni med seg sjølv. Kan hende er behovet for å appellere også til vaksne lesarpreferansar mindre påtrengande, kan hende har ein vunne større aksept for at kommunikasjon (og humor) og kvalitet ikkje treng vere motsetningar. Det er i alle fall vanskeleg å sjå denne prisvinnarporteføljen som ein «flom» av allalderlitteratur (jf Ommundsen 2010). Lista tek til ein viss grad også brodden av Guri Fjeldbergs kritikk av litteratursynet på barnebokfeltet. Ho er som nemnt sterkt kritisk til Bragenominasjonen av Eg er ein frosk (2010), men det er vanskeleg å sjå denne som representativ.

På 00-talet debuterte også Maria Parr. Dersom det er rett at tiåret medfører eit større mangfald, både i barnelitteraturen og i det barnelitterære feltet, så er einebarnet Tonje Glimmerdal (2009) ein god representant. Her var svært mange begeistra og einige, og mange perspektiv legitime. Her er intertekstuell gjenbruk av europeisk barnelitterær kanon, og dialog med barndomsoppfatningar i ulike historiske epokar. Boka er eit utfordrande forsvar for barnets menneskeverd og ein samtidsvariant av det romantiske barndomsparadigmet (Bache-Wiig 2010). Maria Parr utmerkar seg med ei original, språkleg kraft (Goga 2011c). Boka blir lesen av barn og vaksne, lydboka kom ut før vi visste ordet av det. Heidi (1888) av Johanna Spyri blei henta ned frå loftet og lesen på ny. Og ingen snakka om konflikt mellom litterær kvalitet og lesarperspektiv. Tida er truleg meir enn moden for å avdramatisere forestillingane om eit polarisert barnelitterært felt.

Notar

1. Valet av 1930 baserer seg på det oppgjeret med historisk-biografisk metode som Peter Rokseth starta i 1922 og som nådde eit mellombels høgdepunkt då den viktigaste representanten for denne litteraturforskinga, Francis Bull, var førsteopponent på Rokseth si doktoravhandling i 1929.

2. Norsk barnelitteraturhistorie (2005, 19).

3. Også Emil og kaffikokaren (1986), Mercedes (1989), Ein motorsykkel i natta (1992) og Fredlaus (2006) er bøker skrivne i tett og eksplisitt dialog med verk frå vestleg barne- og vaksenkanon.

4. Nina Christenen plasserer barnelitteraturen i ”en meget bredere vifte af legitime, men yderst forskelligartede, vurderingskriterer (…) (Christensen 2006, 231).

5. Denne artikkelen blei skriven til dels parallelt med kapitlet «Barnelitterær kritikk, vurdering og debatt» i boka Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar (3. utgåve, 2012). Eksempeltekstane er til dels det same i dei to publikasjonane, for eksempel resepsjonen av Rune Belsviks Tjuven (2008), sjå side 12. Synspunkta i denne artikkelen står for underteikna si rekning, men står i gjeld til samarbeidet med medforfattar av Barnelitteratur, Tone Birkeland.

6. Barnebokkritikken har vist seg som eit forskingsmateriale også for undersøkingar av korleis barnebokfeltet forheld seg til estetiske problemstillingar, jf Nina Gogas studiar av kritikkens omgang med omgrep som «det naive», «det sublime» og «det skjønne» (Goga 2011 a og b).

7. Ørjasæter i debatt på barnebokkritikk.no, udatert.

8. Pija Lindebaum sa dette mellom anna i ein presentasjon av forfattarskapen sin på seminaret «Bilderboken, bilden och naturen» på Linnéuniversitetet, 1. oktober 2000.

9. http://nrk.no/nyheter/kultur/969996.html

10. I tillegg til desse fire blei også følgjande titlar premierte i tiåret: Arkimedes og brødskiva av Hans Sande og Gry Moursund (2000), Min storebror apen av Tone Lie Bøttinger og Akin Düzakin (2001), Kom, så løper vi! av Lars Fiske (2002), Sinna mann av Gro Dahle og Svein Nyhus (2003), Klikk av Øyvind Torsæter (2004), Slangen i graset av Hans Sande og Gry Moursund (2007) og Eg kan ikkje sove no av Stein Erik Lunde og Øyvind Torsæter (2008).

LITTERATUR

Bache-Wiig, H. «Den dobbelte stemmen i barnelitteraturen». I Nye studier i barnelitteratur. Artikkelsamling fra et forskningseminar. Trondheim: Norsk senter for barneforskning, 1994, 52–66.

Bache-Wiig, H. Norsk barnelitteratur – lek på alvor. Glimt gjenom hundre år. Oslo: LNU/Cappelen, 1996.

Bache-Wiig, H. Nye veier til barneboka. Redigert av Harald Bache-Wiig. Oslo: LNU/Cappelen, 1997.

Bache-Wiig, H. «Fra Sveits til Glimmerdal». I Barnelitterært forskningstidsskrift. Oslo: NBI, 2010.

Barthes, R. «Tekstteori». I Moderne litteraturteori. En antologi. Redigert av Atle Kittang m.fl. Oslo: Universitetsforlaget, 1991, 70–85.

Belsvik, R. Tjuven. CappelenDamm, 2008.

Belsvik, R. «Porno for barn». NBU-bloggen, 12/9-2008.

Birkeland, T, G Risa og K-B Vold. Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo: Samlaget, 2005.

Birkeland, T. «Den lille historien om krigen. Min bestemor strøk kongens skjorter som bildebok og animasjon». I Barnelitterært forskingstidsskrift, 2011.

Birkeland, T og I Mjør. Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar. Oslo: Cappelen Damm, 2012.

Bjerck-Hagen, E. Kampen om litteraturen. Oslo: Universitetsforlaget, 2012 (a).

Bjerck-Hagen, E. «Fordelen med et løst og inkluderende litteratursyn». Morgenbladet 2–8. mars 2012 (b).

Bjorvand, A-M og S Slettan. Barneboklesninger. Kristiansand: Fagbokforlaget, 2004.

Bjorvand, A-M. “Do Sons Inherit the Sins of Their Fathers?” I New Directions of Picturebook Research. Redigert av Teresa Colomer m.fl. New York and London: Routledge, 2010, 217–232.

Bourdieu, P. «For en vitenskap om litterære verk». I Symbolsk makt. Artikler i utvalg. Oslo: Pax, 1996, 112–130.

Christensen, N. «Én stor familie? Tekstanalysen som udgangspunkt for studier af børnelitteratur». I Børnelitteratur i tiden. Om danske barnebøger i 2000'erne. Redigert av Jana Pohl og Anne Mørch-Hansen. Kbh: Høst & Søn, 2006, 217–234.

Eggen, T. «Knus de minste!». Klassekampen, 8/12-2007.

Eriksen, E. L. «Hurra for Belsvik!». Dagbladet, 17/9-2008.

Fjeldberg, G. «Bragenominasjonene 2010. Problematiske nominasjoner». Barnebokkritikk.no, 2010.

Fjeldberg, G. «Ein frosk som skal til å ete ein elefan». Barnebokkritikk.no, 2/9-2010.

Fosse, J. «Allalder-litteratur». I Gnostiske essay. Oslo: Samlaget, 1999, 148–151.

Goga, N. Kunnskap og kuriosa. Merkverdige lesninger av tre norske tekstmontasjer for barn og unge. Ph. d.-avhandling, Universitetet i Bergen, 2008.

Goga, N. «Bildebokkritikken og det naive». Barnelitterært forskningstidsskrift. Oslo: NBI, 2011a.

Goga, N. «Det sublime og det skjønne som estetisk kvalitet i nyere norsk bildebokkritikk». Barnelitterært forskningstidsskrift. Oslo: NBI, 2011b.

Goga, N. ”Landskap og bannskap i Maria Parrs forfatterskap”. Barnelitterært forskningstidsskrift. Oslo: NBI, 2011c.

Hagemann, S. «Barneboken som forskingsobjekt». Dagbladet 30. august 1972.

Higonett, A. Pictures of Innocence. The History and Crisis of Ideal Childhood. London: Thames and Hudson, 1998.

Hennig, Å. Litterær forståelse. Innføring i litteraturdidaktikk. Oslo: Gyldendal, 2010.

Hennig, Å. Effektive lesere snakker sammen. Innføring i litterære samtaler. Oslo: Gyldendal, 2012.

Krøger, C. «Om å gnukka og gni». Dagbladet, 11/9-2008.

Lindenbaum, P. Else-Marie och småpapporna. Stockholm: Bonnier Carlsson, 1990.

Mjør, I. I dei små, tynne bøkene. Tre essay om barnelitteratur. Hovudfagsavhandling, Universitetet i Bergen, 1996.

Mjør, I. Kan små tøydyr gråta? Tøydyrmytologi i den postmoderne barneboka. I Norsk litterær årbok. Oslo: Samlaget 1997, s 175–196.

Mjør, I. Høgtlesar, barn, bildebok. Vegar til meining og tekst. Ph. d.-avhandling, Universitetet i Agder, 2009.

Nikolajeva, M. Modern litteraturteori och metod i barnlitteraturforskningen. Redigert av Maria Nikolajeva. Stockholm: Centrum för barnkultur, 1992.

Nikolajeva, M. «Härmande eller dialog? Den intertekstuella analysen. I Modern litteraturteori och metod i barnlitteraturforskningen». Redigert av Maria Nikolajeva. Stockholm: Centrum för barnkultur 1992.

Nikolajeva, M. Children's Literature Comes of Age. Toward a New Aesthethic. New York and London: Garland Publishing 1996.

Nikolajeva, M. Barnbokens byggklossar. Lund: Studentlitteratur, 1998.

Nikolajeva, M & C Scott. How Picturebooks Work. New York and London: Garland Publishing, 2001.

Ommundsen, Å. M. Litterære grenseoverskridelser. Når grensene mellom barne- og voksenlitteraturen viskes ut. Ph.d.-avhandling, Universitetet i Oslo, 2010.

Ramsfjell, A. ‘Kjære Gud jeg har det godt’. Leserrolle og barndomskonstruksjon i religiøs didaktisk litteratur. Doktoravhandling ved NTNU, 2008.

Romøren, R. «Barnelitteratur, modernitet og modernisme». I Norsk litterær årbok 1995. Oslo: Samlaget, 1995, 211–229.

Sande, H. Pappa er sjørøvar. Oslo: CappelenDamm, 2011.

Skaret, A. Litterære kulturmøter En studie av bildebøker og barns resepsjon. Ph. d.-avhandling, Universitetet i Oslo, 2012.

Slettan, S. Maskuline mønster. Maskulinitet i ungdomsromanar, pop og film. Ph. d.-avhandling, Universitetet i Agder, 2009.

Slettan, S, B. Markussen og K. Berseth Nilsen (red.). Navigasjoner i barne- og ungdomslitteraturen. Festskrift til Rolf Romøren. Kristiansand: Portal, 2011.

Solstad, T. Les mer! Utvikling av lesekompetanse i barnehagen. Oslo: Universitetsforlaget, 2008.

Straume, A. C. «Hva vil vi med barnelitteraturen?» Bokbloggen på nrk.no, 11.2. 2011(a).

Straume, A. C. «Lys i tunellen». Bokbloggen på nrk.no, 7.11.2011 (b).

Straume, A. C. «Bør bli en klassiker». Bokbloggen på nrk.no, 23.2.2012.

Svensen, Å. Å bygge en verden av ord. Bergen: Fagbokforlaget, 2001.

Svensen, Å. «Fredløs i fortellingenes skoger. Ragnar Hovlands ungdomsroman Fredlaus». I Navigasjoner i barne- og ungdomslitteraturen. Redigert av Bjarne Markussen m. fl. Kristisansand: Portal, 2011, 59–71.

Thorkildsen, J. «‘Vi gnir berre tissen mot rompa …’ Dette er en bok for niåringer. Greit?» Dagbladet, 9.9.2008.

Townsend, J. Rowe. “Standards of Criticism for Children's Literature”. I Peter Hunt (ed.): Children's Literature. The Development of Criticism. London & N.Y: Taylor & Francis, 1990.

Tønnessen, E. Seip. Sesam til fjernsynsteksten. Norske barns møte med en ny fjernsynskultur. Ph. d.-avhandling, Universitetet i Oslo, 1999.

Vold, K. B. Norsk barnebokinstitutt. Bidrag til barnelitterær faghistorie. Skrifter frå Norsk barnebokinstitutt nr. 7, 2011.

Weinreich, Torben. Lyst og lærdom. Redigert av Torben Weinreich. København: Høst & Søn, 1996.

Westin, B. «‘Mission Impossible’ – barnlitteraturforskningens dilemma». I Nye veier til barneboka. Redigert av Harald Bache-Wiig (red.). LNU/Cappelen 1997[1993], s. 252–268.

Ørjasæter, K. «Å forveksle kunst med foreldre». På barnebokkritikk.no, udatert.

Østenstad, I. «Barnelitteratur og forestillingen om kunstens autonomi». I Årboka. Litteratur for barn og unge. Rediget av Per Olav Kaldestad og Karin Beate Vold. Samlaget/NBI, 2002, s. 42–48.

Østenstad, I. «Kritikken og det barnelitterære feltet». På barnebokkritikk.no, 16/1-2003.

Østenstad, I. «Avskyelig eller grensesprengende?». På barnebokkritikk.no, 17/9-2008.

Østenstad, I. «JA! HURRA!» På barnebokkritikk.no, 18/11-2010.

About The Author

Ingeborg Mjør

Norway

Article Metrics

Metrics Loading ...

Metrics powered by PLOS ALM